Unni Bente's favorittsted på jord

Norangsfjorden

og

 Union Hotel

 

Norangfjorden so vill og so fager

me deg elskar frå fjøre til fjell.

Du kan gjeve oss ovfagre dagar,

men og risting og braking og smell

 

Når vårt Konnhonn med gullkruna smiler

og får blink ifrå Slogen der nord.

Og når båra i solglans seg hiver

då so framifrå fagert me bur.

 

Og når Middagshorn, Kjeipen og Skruen

imot Saksa seg lengtuge gjer:

Vil du klippe oss no gamle frue ?

Nei, me trenger det håret me hev.

 

For når kulden og stormen tilsaman

spelar upp med sin barske musikk.

Då me hev ikkje stort utav gaman,

men vel ufysne frysing og slit.

 

Der um sumaren sauen og geita

reker um og fær metten sin god.

Der um vetteren snøfok og skrider

ramlar ned og um alvor ber bod.

 

Inn på Lyngstøyl og Stavberg og Urda

har dei sætra frå eldgamal tid.

Der dei kjekkaste gjentor i verda

vyrdsla avdrott, den finast som bid.

 

Og når bjølleklang, kulokk og anna

ifrå Staven kom tridobbelt att.

Då du trudde deg trollsk og forvandla,

men du gøymde det fagre som batt.

 

Men ein sumardag her inn på "landa"

han set gladvorne merke i sinn.

So god granne kom då gjev meg handa,

me vil vyrdsla vår heim det me vinn.